Grøn omstilling!

Jenny Følling, Laiar i Mineralrådet.

Norge som nasjon og heile verda treng meir energi i åra framover. Men det må vere fornybar energi. Her har vi ein unik sjanse.

Vestlandet har alt som skal til i ei grøn omstilling. Vi har stort potensiale på fornybar energi. Rike på mineralførekomstar og har ein stor bergverksindustri. Landsdelen har kunnskap og erfaring frå olje og gass-industrien. Kunnskap som vil vere svært verdifull i omstillinga til grøne arbeidsplassar.

I ei tid då verda skrik etter fornybare energiformer som ikkje gjev klimaendringar, vil Vestlandet kunne vere ein viktig bidragsytar. Rein energi til bilar, bussar, ferjer, hurtigbåtar, fly, industri og alt som kan gå på fornybar energi. Norge kan i framtida tene mykje pengar på rein energi, kanskje meir enn på oljen om vi spelar korta rett.

Eit eksempel er NorSun waferfabrikk i Årdal som produserer råmateriale for produksjonen av solceller og solcellepanel. Dei starta i 2008 og sysselset i dag vel 200 menneske. Tilgangen på fornybar energi var avgjerande for lokalisering av høgteknologiske norske arbeidsplassar.

Vi gjorde alt rett då vi fann oljen. I dag har vi ein velståande stat som har musklar til å handtere kriser. Ein velferdsstat som mange land misunner oss. Dette er ikkje flaks. Det er eit resultat av god styring av våre nasjonale ressursar.

Er vi like dyktige når vi skal skape framtidas reine grøne industri?

God tilgang på mineralar er viktig for å lukkast i det grøne skiftet. Tilgangen på kritiske mineraler er i ferd med å bli nettopp kritisk. Kina kontrollerer i dag mesteparten av mineralene som til dømes blir brukte i batteriproduksjonen. Dei er verdens største eksportør av kolkraft-produserte solcellepanel. Men det vi treng er produkt laga av rein energi.

I framtida treng industrien tilgang på reine mineraler. Vi har milliardverdiar på havbotnen og i fjell som til dømes Engebø i Naustdal. Naturressursane har historisk vore viktig i industriell satsing. Samtidig må vi stille strenge miljøkrav til drift, og utnytting av ressursane på ein berekraftig måte. Og det trengs forsking på korleis ein kan utvinne mineraler både i sjø og på land på berekraftig ein måte. Det kan gi mange arbeidsplassar og bli ei høgteknologisk storsatsing. Framleis er det nokre skjær i sjøen, ikkje minst når det gjelder kunnskap og miljøkonsekvenser.

Staten må ta ein aktiv rolle og sikre at ein større del av næringane og verdiskapinga skjer her i landet. Eit statleg selskap som kan sikre at inntektene frå mineralnæringa og naturressursane kjem heile folket til gode. Vi treng fleire kortreiste arbeidsplasser og kortreiste mineralar så verdiskapinga ligg att lokalt. Vår grøne satsing må skje med grøne innsatsfaktorar for å få ned utsleppa. Det må difor utviklast modellar som dei gjorde i samband med oljeutvinninga.

Jenny Følling

Laiar i Mineralrådet

Varaordførar i Sunnfjord kommune

Fylkespolitikar i Vestland Fylkeskommune

Senterpartiet